Tjenester

Miljøkvalitet as er totalleverandør av avfallstenester, og har dei naudsynte løyve for å kunne ta imot alle typar avfall (unnateke eksplosive stoff, sjølvantennande stoff, organisk peroksid, smittefarlege stoff og radioaktive stoff.)

Miljøkvalitet as tilbyr avfallshandtering, containarutleige og transport både til næringslivskundar og privatkundar.

Avfall og gjenvinning.
På Miljøkvalitet as sitt mottaks- og sorteringsanlegg for avfall på Jarnes på Ikornnes er det lagt stor vekt på utnytting av avfallet. Gjenvinnbare fraksjonar blir sortert ut, og blir levert til godkjend slutthandsamar og gjenvinningsanlegg. Ikkje gjenvinnbart avfall blir i hovudsak levert til forbrenning/energigjenvinning.

Dersom Du av praktiske årsaker ikkje kan sortere avfallet, tek vi dette sorteringsarbeidet for Deg, og avfallet blir handsama på ein best mogeleg miljømessig måte.

Innsamling og transport.
Miljøkvalitet as køyrer faste ruter med komprimatorbil med påmontert vekt for innsamling av næringsavfall, grovavfall og papp/papir/plast. Ruteoppsett frigjer dyrebar tid for kundane, då ein ikkje treng å melde inn avfallet for henting. Gjennom samarbeid finn vi den hentefrekvensen som passar best for Deg som kunde.
I tillegg blir det køyrdt faste ruter med miljøbil for innsamling av elektronikkavfall, farleg avfall, risikoavfall og andre avfallstypar som ikkje kan hentast med komprimatorbil.

Utleige og sal av materiell for avfallshandtering.

Miljøkvalitet as har utleige/sal av behaldarar, containerar, ballepresser, komprimatorar, stativ for returplastsekk og materiell for oppsamling av farleg avfall og risikoavfall.

Kontakt oss, og vi hjelper gjerne til med å skreddarsy ei effektiv avfallsløysing for Dykk.

Sikkerhetsmakulering.
Miljøkvalitet as kan tilby godkjent sikkerhetsmakulering av fortrulege dokument. For denne makuleringa blir det utarbeid avtale for kvart einskild oppdrag/kunde. Vi garanterar at fortrulege dokunment blir makulert på ein forsvarleg måte, og ikkje kjem uvedkomande i hende.

  • x

© Miljøkvalitet AS – Alle rettigheter reservert  | Utviklet av Cateno AS — Powered by CLAW Claw